UMOJA CFC NORWAY 2014 søkjer dansarar

UMOJA CFC NORWAY søkjer deltakarar frå Telemark, Vestfold og Buskerud i alderen 16-26 år, som syng, spelar instrument, dansar, driv med sirkus eller andre formar for scenekunst til årets UMOJA Cultural Flying Carpet sin camp i Zimbabwe! Alle sjangrar innan musikk og dans er velkomne.

12 deltakarar blir vald ut til å danne UMOJA-ensemble Norway 2014. Ensemblet skal øve inn eit show på ca. 45 min. Showet skal øvas frå 20.-22. juni og 14.-20. juli. Deltakarane må vere tilgjengelege i tidsrommet.

Frå 28. juli–11.august reiser ensemblet til Zimbabwe. Der vil dei møte dei nasjonale UMOJA-ensembla frå Mosambik, Sør-Afrika og Zimbabwe. Resiekostnader frå Gardermoen og opphaldet i Afrika dekkas i sin heilskap av UMOJA-programmet. Ensemblet skal framføre det innøvde showet i Zimbabwe. I løpet av opphaldet skal deltakarane også lage ei ny, internasjonalt framsyning saman med deltakarane frå dei andre landa.

Dette er ei unik moglegheit til å utvikle seg sjølv og sine ferdigheiter gjennom å skape og vere kreativ i eit internasjonalt fellesskap!

UMOJA Cultural Flying Carpet er eit program som fremmar fred og utvikling gjennom internasjonalt fellesskap og samarbeid. Programmet er finansiera av Utanriksdepartementet, og er organisera i regi av Norsk Kulturskuleråd. I løpet av våren etableras det nasjonale UMOJA-ensemble i åtte land. I tillegg til Noreg, Sør-Afrika, Mosambik og Zimbabwe vert det også danna UMOJA-ensemble i Uganda, Kenya, Tanzania og Etiopia.

UMOJA arrangerar to internasjonale campar kvar år; ein i det austlege Afrika, og ein i det sørlege. I månadsskiftet oktober/november arrangerar UMOJA også ein festival og eit internasjonalt TV-show i Maputo, Mosambik. Dette TV-showet blir kringkasta til eit potensielt TV-publikum om lag 300 millionar TV-sjåarar.

For meir informasjon om UMOJA-programmet, sjå www.umojacfc.com og www.umojafestival.com.

Auditions
Talent frå Telemark, Vestfold og Buskerud kan søkje om å komme på auditon. Søknaden skal innehalde eit kort skriv om søkaren: Alder, bakgrunn ogerfaring, og gjerne ei lita lydfil/film.

Me held auditions i Telemark og Buskerud følgjande datoar:

For dansarar:
Måndag 12. mai: Drammen
Tysdag 13. mai: Skien

Påmelding sendas til lars.jeglheim@moss.kommune.no.
Tlf: 95 17 46 73

Søknadsfrist: 11. april (kl.13)

Leiarar for Umoja Norway
Reiseleiar: Lars Jegleim
Leiar for dans: Lene Wadseth
Musikalsk leiar: Kjetil Flatland

Se Facebook-event, her.

 

This entry was posted in Auditions. Bookmark the permalink.