Vinstra vgs søker dansepedagog

I hjartet av Gudbrandsdalen finn du Vinstra vidaregåande skule som ein arena for kunnskap, læring og fellesskap, med moglegheiter for alle. Skulen er tufta på gamle tradisjonar, men er likevel moderne og i stadig utvikling.

Skulen har sju utdanningsprogram: Studiespesialisering, musikk og dans, media og kommunikasjon, helse- og oppvekstfag, elektrofag, byggfag, og teknikk og industriell produksjon. Skulen har 470 elevar og om lag 100 lærarar, og er eigd og drive av Oppland fylkeskommune.

Vårt mål er å utvikle nysgjerrige, engasjerte og bevisste elevar. Med energiske, glade og begeistra lærarar – i eit trygt miljø prega av trivsel, kunnskap og eit snev av galskap – vil vi vere med på å gjere elevane klare for framtida. Ein skule med glede – energi – fellesskap!

Undervisningsstilling i dans
Vinstra vidaregåande skule har ledig 80% vikariat i dans frå 03.03.2014 med moglegheit for utviding til 100% frå 01.08.2014.

Vi søkjer deg som
– Vil undervise i dans i vidaregåande skule og vera ein medspelar i eit spanande miljø på musikk- og danselina ved Vinstra vgs.

Vi tilbyr
– Ein jobb med gode moglegheiter for spanande kultur- og naturopplevingar på fritida. Vi kan nemne for eksempel Gålå-området med tilgang på fine naturområde og friluftsliv både sommar og vinter (alpinanlegg). Vi kan også nemne Peer Gynt-arrangement som har profesjonelle danseforestillingar i tillegg til andre arrangement.
– Arbeidsstad i byen Vinstra, som ligg omtrent midt mellom Trondheim og Oslo. Det tek ca. 3,5 timer å reise til desse byane enten med tog eller bil. Mange ekspressbusser passerer også Vinstra i begge retningar i løpet av dagen.
– Godt og utviklande fag- og arbeidsmiljø
– Fylkeskommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga
– Ein av våre danselærarar skal ha fødselspermisjon og vi treng derfor ein vikar i 80% dette skuleåret og sannsynlegvis i 100% frå skulestart til hausten.
– Danselinja gjennomfører eigne prosjekt eller er med i prosjekt med andre som for eksempel Peer Gynt arrangement eller resten av musikk, dans og drama ved skulen.
– Vi samarbeider med lokale kulturskuler og frå hausten kan det være aktuelt å undervise på kulturskule i ein del av stillinga.

Arbeidsoppgåver
– Undervisning i klassisk, jazz og dans i perspektiv
– Undervisning i fellesfaget dans på musikk, dans og drama

Ønskte kvalifikasjonar
– Undervisningskompetanse i jazz, klassisk og grunntrening 1 og 2
– Må kunne undervise i fellesfaget dans på musikk, dans og drama

Ønskte eigenskapar
– Gode samarbeidsevner
– Like å jobbe med ungdom
– Førerkort/bil er ein fordel
– Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Søknad
Les meir om leiar- og undervisningsstillingar i vidaregåande skule: www.oppland.no/Generelle-vilkar

Fylkeskommunen har eit verdigrunnlag basert på tillit og at ein skal vera raus, ansvarleg, kreativ og fleksibel. Det krevst høg etisk standard. Fylkeskommunen ønskjer at arbeidsstyrken i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit mål å oppnå best mogleg alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Kopiar av vitnemål og attestar vil ev. bli innhenta seinare. Tilsende attestar blir vanlegvis ikkje returnert. Vi gjer oppmerksam på at alle søkjarar kjem på offentleg søkjarliste, jf. §25 i offentleglova. Fritak frå offentleggjering skjer berre unntaksvis, og må grunngjevast i tekstfeltet til søknaden.

Fylkeskommunen nyttar elektronisk søknad.
Søknadsfrist er 30. januar.

Kontaktperson: Birger Tangstad, tlf. 901 10 332 / 612 92 303

This entry was posted in Stillingsutlysning. Bookmark the permalink.