Dansepedagog, Øystre Slidre kommune

Dansepedagog, 50% fast stilling
Øystre Slidre kulturskule i samarbeid med Nord-Aurdal kulturskule søkjer etter allsidig og målbevisst danselærar, til undervisning på ulike nivå / alderstrinn.
Stillinga gjev fridom til å forme eit godt dansetilbod til våre elevar. Vi søkjer etter deg, fortrinnsvis med pedagogisk høgskuleutdanning i dans.

Personlege eigenskapar som engasjement, entusiasme og evne til samarbeid vil bli vektlagt, og det er viktig at søkjar har god kommunikasjon med barn og unge. Søkjar må arbeide i tråd med vedteken rammeplan for kulturskulen. Det er krav om politiattest til stillinga.

Vi kan tilby ordna arbeidshøve i eit kreativt og hyggeleg lærarkollegium.

Det kan vera mogleg å få auka stillinga på sikt.

Nærare opplysningar ved kultursjef Kari Onstad  tlf. 996 90 616.

Søknad med kopi av vitnemål og merka med arkivsaknr. 18/2115, skal sendast elektronisk via våre internettsider: www.oystre-slidre.kommune.no – ledige stillingar.

Søknadsfrist 23. oktober 2018

Øystre Slidre kommune ligg i Valdres. Lokalsamfunnet er i rask utvikling med reisemålet Beitostølen som motor. Beitostølen er inngangsport til Jotunheimen, med flott turterreng også om sommaren. Dei urbane tilboda på Beitostølen gjer Øystre Slidre meir attraktiv som bustadkommune. Kommunen har full barnehagedekning, god skule (to nye barneskular) og eit aktivt og variert kulturliv. Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og i regionsenteret Fagernes.

This entry was posted in Stillingsutlysning. Bookmark the permalink.