Danselærer, Stord Kulturskole, frist 22. juni

Stord kulturskule

Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar.

Stord er kommunikasjons- og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger. Her er flyplass med daglege flygingar til Oslo. Stord har eit rikt kulturliv og eit stort dansemiljø. Det er også gode vilkår for sport og friluftsliv. Kulturskulen har godt over  800 elevplassar.

Danselærar
Kulturskulen har ledig vikariat i 100 % stilling som danselærar i perioden 01.08.2018 – 30.04.2019.
Me søkjer danselærar med utdanning frå høgskule, universitet  eller anna relevant utdanning.

Om stillinga

Stord kulturskule søkjer etter allsidig danselærar, med hovudvekt på klassisk ballett. I tillegg til undervisning på ulike nivå/alderstrinn i klassisk ballett må lærar kunne undervise i jazz og moderne. I stillinga ligg og undervisning i fordjupingsprogramma:

  • Stord danseensemble, der ein arbeider med ulike sjangrar
  • Klassisk ballett/tåspiss

Stord kulturskule har tradisjon med å sette opp framsyningar gjennom skuleåret, dans er ein naturleg del av dette og det forventast at danselærar tek del i dette arbeidet. Det vil også vere naturleg å samarbeide med kulturskulen sin andre danselærar.

All undervisning er lagt til ettermiddagstid. Kulturskulen har fast personalmøte ein gang i veka samt ein del av arbeidstida er bunden opp til felles kontortid, danselærarar disponerer eige arbeidsrom/kontor.

Stord kulturskule har  eige danselokale i Osen 6, her er det to dansesalar med egna golv, spegel og barrar. Lokalet ligg i kort avstand til Stord kulturhus der Stord kulturskule har administrasjon og all anna undervisning.

Løns- og arbeidsvilkår

Administrasjonsmålet i Stord kommune er nynorsk. Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. Kommunen tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar.

Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.

 Opplysningar

Nærare opplysningar får du ved å venda deg til rektor i Stord kulturskule, Anne Lene Østvold Jordåen, tlf. 53496905 / 48043386 eller e-post: anne.jordaen@stord.kommune.no

Ein finn meir informasjon om Stord kulturskule på www.stord.kommune.no/no/stordkulturskule

Søknadsfrist: 22. juni 2018

 

Dette innlegget ble publisert i Stillingsutlysning. Bokmerk permalenken.