Danselærar (ID 1382) Stord Kulturskole

Stord kulturskule har ledig vikariat i 100 % stilling som danselærar i perioden 01.08.2018 til ca. medio mai 2019.
Danselærar (ID 1382)

Me søkjer danselærar med utdanning frå høgskule, universitet  eller anna relevant utdanning.

Om stillinga:
Stord kulturskule søkjer etter ein allsidig danselærar, med hovudvekt på klassisk ballett. I tillegg til undervisning på ulike nivå/alderstrinn i klassisk ballett må lærar kunne undervise i jazz og moderne.
I stillinga ligg og undervisning i fordjupingsprogramma:

  • Stord danseensemble, der ein arbeider med ulike sjangrar
  • Klassisk ballett/tåspiss

Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar.

Stord er kommunikasjons- og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger. Her er flyplass med daglege flygingar til Oslo. Stord har eit rikt kulturliv og eit stort dansemiljø. Det er også gode vilkår for sport og friluftsliv. Kulturskulen har godt over 800 elevplassar.

Stord kulturskule har tradisjon med å setje opp framsyningar gjennom skuleåret, dans er ein naturleg del av dette og det forventast at danselærar tek del i dette arbeidet. Det vil også vere naturleg å samarbeide med kulturskulen sine andre danselærar.

All undervisning er lagt til ettermiddagstid. Kulturskulen har fast personalmøte ein gong i veka samt ein del av arbeidstida er bunden opp til felles kontortid. Danselærarar disponerer eigne arbeidsrom/kontor.

Stord kulturskule har eige danselokale i Osen 6. her er det to dansesalar med egna golv, spegel og barrar. Lokalet ligg i kort avstand til Stord kulturhus der Stord kulturskule har administrasjon og all anna undervisning.

Løns- og arbeidsvilkår:

Administrasjonsmålet i Stord kommune er nynorsk. Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. Kommunen tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar.

Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Opplysningar:

Nærare opplysningar får du ved å venda deg til rektor i Stord kulturskule, Anne Lene Østvold Jordåen, tlf. 53496905 / 48043386 eller e-post: anne.jordaen@stord.kommune.no

Ein finn meir informasjon om Stord kulturskule på www.stord.kommune.no/no/stordkulturskule

Søknadsfrist: 27.04.18

Søk på stilling

Dette innlegget ble publisert i Stillingsutlysning. Bokmerk permalenken.