Audition Frikar X, 9.-10. juni

BEVEGELSESKUNST SOM KRYSSAR GRENSER

FRIKAR har audition for tre produksjonar med turné over tre år. Kompaniet er kjent for modige, leikne og nyskapande produksjonar, har turnert i 32 land og er sett av over ein milliard tv-sjåarar.

I løpet av 3 år skal kompaniet produsere nye ensembleproduksjonar, turné i inn- og utlandet, samt ha innovasjonslab, treningssamlingar og meisterklasser. FRIKAR ser etter profesjonelle danse- og bevegelseskunstnarar.

PRODUKSJONAR – TURNEAR – MEISTERKLASSER – INNOVASJONSLAB – TESTING – STIPEND

FRIKAR X søkjer:

Profesjonelle danse- og bevegelseskunstnarar.

Prosjektet søkjer i tillegg fleire unge i alderen 16-18 år for deltaking på treningsleirar.

Utøvarane må vera interessert i både individuell og kollektiv utvikling og å realisere Hansegård sin visjon om eit kontemporært, sjangerlaust dansespråk basert på bevegelsesprinsipp frå folkedansen.

Audition:

Motivasjonsbrev, CV, bilde og ein link som presenterer deg som kunstnar, sendast til benedicte@frikar.com

Søknadsfrist: 5. juni 2017

Tid: 9. Juni kl 10-17 & 10. Juni kl 10-15.

Stad: Rommen Scene, Oslo

Jury: Hallgrim Hansegård, Nina Lill Svendsen og Jon Filip Fahlstrøm

 

Prosjektet blir gjort i samarbeid med Talent Norge, Sparebankstiftelsen DNB, Kulturrådet, Oppland og Valdres.

Programansvarleg Hallgrim Hansegård:

Kalla “wildly inventive” av National Geographic for arbeidet som kryssar bevegelsesformer som halling, kungfu, breakdance, samtidsdans, capoeira, yoga, nysirkus etc. Utviklar “instant composition”-teknikkar for sjangerkryssande samarbeid. Verka hans er framført i 32 land, sett av ein milliard tv-sjåarar, 100M YouTubarar og 400.000 levande publikumarar. Står bak dansen i dataspelet Age of Canon. Har vunne internasjonale prisar for koreografi og film og er 4xNorgesmeister i halling.

FRIKAR:
FRIKAR skaper dagsaktuell dans styrka på eldgmal kunnskap – for alle menneske på tvers av alle grenser. Arbeider for scener, film, tv og i naturen. Stifta i 2006, driv i dag turnékompani, akademi, residens- og kompetansesenter. Hovudbase i Valdres, kontor også i Oslo. Koordinator: Ellen Berntsen, prosjektmedarbeider: Benedicte Marie Bjerke, kunstnarleg leiar: Hallgrim Hansegård.

FRIKAR sine treningsfascilitetar inkluderer olympisk trampoline med bungee-sikring, airtrack, tøyakrobatikk, teaterlysrigg, superslowmo-kamera, motion capture-sett, pulsklokke med utstyr for spensttesting, sauna, treningsrom, dansesalar etc.
For mer informasjon og midlertidig aktivitetsplan, se http://www.frikar.com/no/kompani/prosjekt/x-audition/

 

 

 

Dette innlegget ble publisert i Auditions. Bokmerk permalenken.