Åremålsstilling som førsteamanuensis / universitetslektor i dans, inntil 150%

Universitetet i Stavanger har ledig åremålsstilling inntil 150% som førsteamanuensis / universitetslektor i dans ved Det humanistiske fakultetet, Institutt for musikk og dans. Stillinga er ledig frå 15.08.14. Åremålet er på 6 år, med moglegheit for å forlenge med nye 6 år.
Ein ber om at søker spesifiserer kor stor stilling det vert søkt om.

Fagområdet for stillinga er undervisning i dans for studentar på vårt studium: Bachelor i dans.

Arbeidsoppgåvene vil vere undervisning, rettleiing, opptak, eksamensarbeid, og administrative oppgåver relatert til moderne- / samtidsdans: teknikkundervisning / repertoar / kontaktimprovisasjon. Ved tilsetjing som førsteamanuensis vil forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid inngå i arbeidsoppgåvene. I tillegg har vi behov for kompetanse innan contemporary jazz og alternativ trening.

Ein ber søkjar beskrive kva for deler av denne kompetansen ein kan dekke.

For tilsetjing som førsteamanuensis vert det kravd doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan fagområdet. For tilsetjing som universitetslektor vert det kravd hovudfag/mastergrad i dans eller tilsvarande kompetanse innan fagområdet. (Universitetslektor vil bli tilsett med hovudvekt på undervisningsoppgåver.)

Søkjar må ha utøvande erfaring som dansar og/eller koreograf på eit nasjonalt og helst internasjonalt nivå, og det er ynskjeleg med undervisningserfaring på universitets -høgskulenivå.

Den som blir tilsett må også kunne dokumentere pedagogisk og didaktisk basiskompetanse knytt til høgare utdanning, eller ta imot tilbod om universitetspedagogisk kurs i løpet av ein periode på to år frå tiltreding. Søknaden bør innehalde ein refleksjon over eigen undervisningskompetanse.

Den som blir tilsett skal det første året delta på NyTi, som er universitetets rettleiings- og integreringsprogram for nytilsette som skal undervise.

Undervisningsspråket vil normalt vere norsk. Den som vert tilsett må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk skriftleg og munnleg, eller tilegine seg denne kompetansen i løpet av ein periode på to år. Den som vert tilsett må og vere førebudd på å gje undervisning på engelsk.

Stillinga blir løna etter statens lønnsregulativ, l.pl 17.510. Førsteamanuensis blir løna etter kode 1011, LR 24, ltr 58-69, kr 481.900 – 590.000 bto pr år. Universitetslektor blir løna etter kode 1009, LR 25, ltr. 48 – 63, kr 407.800 – 528.700 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare avløning bli vurdert.

Stillinga gjev automatisk medlemskap i Statens Pensjonskasse, som sikrar gode pensjonsrettar. Medlemmar kan søkje bustadlån til gunstige vilkår.

Stillingsomtala gjer nærare greie for fag- og ansvarsområde, arbeidsoppgåver, kvalifikasjonskrav og andre tilhøve som vil bli vektlagde ved tilsetting.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Instituttleiar, Dag Jostein Nordaker, tlf. 51834023, e-post: dagjostein.nordaker@uis.no eller til Fagleg leiar dans, Siri Dybwik, tlf. 51834031, e-post: siri.dybwik@uis.no
Opplysningar om tilsetjingsprosessen kan ein få ved å vende seg til HR-rådgjevar Grete Marnburg, tlf. 51833545, e-post: grete.marnburg@uis.no

Søknad med CV, Utvida søkjarskjema, vitnemål, attestar, og ev anna dokumentasjon som søkjaren ønskjer det skal takast omsyn til, skal sendast i tre eksemplar til:

Universitetet i Stavanger
Det Humanistiske fakultetet
4036 Stavanger

Søknaden skal merkast med st.id 30056003

Søknadsfrist er 20. april.

For mer informasjon og Utvida søkjarskjema, se her.

This entry was posted in Stillingsutlysning. Bookmark the permalink.